Gå rett til innhold
<
<
Vidareutdanning for deg som jobbar med barn, ungdom og familiar

Vidareutdanning for deg som jobbar med barn, ungdom og familiar

Aktuelt

Publisert: 29.03.2023
Oppdatert: 10.05.2023

Jobbar du med barn, ungdom og familiar og er interessert i å gi vaksne og barn hjelp til å leva saman på ein måte som skapar tryggheit for alle i familien? Då er kanskje vidareutdanning i familieterapi noko for deg. Utdanninga har søknadsfrist 1.juni 2023, og du kan søka allereie no!

, , Videreutdanning i familietarpi, , To voksne og tre barn som ser ned med sol som skinner på alle.

Familieterapi er når ein terapeut hjelper heile familien med å snakka saman for å løysa eit eller fleire problem. Desse problema er ofte ting som gjer at nokon i familien føler seg triste, eller ting som skapar konflikt. Den er basert på idear om korleis menneske kommuniserer og korleis dei kan endra på måten dei samhandlar for å forbedra forholda sine.

Vi fokuserer på korleis ein kan snakka betre saman som familie med hjelp frå ein profesjonell. Dette skal gjera at alle følar seg tryggare og kan hjelpa med å løysa problem. På vidareutdanninga lærer ein korleis teorien og metodane kan brukast i praksis som familieterapeut.

Inger Nordeide Jensen

Inger Nordeide Jensen er studieleiar og seniorrådgjevar ved RKBU Vest, der utdanninga og foregår. Ho seier at utdanninga har fokus på barn, unge og familiar som strevar med mellommenneskelege problem i livet. Studentane har sjølv med seg erfaringar frå praksis i form av videomateriale, då dei som går på deltidsutdanninga minst må ha to års relevant praksis etter grunnutdanning på høgskule eller universitet. Vinteren 2023 bestod 11 studentar utdanninga. Desse hadde bakgrunn frå blant anna skuleleiing, FACT-team, barne- og ungdomspsykriatriske tjenester i poliklinikk og sjukehus, og barneverntenesta. Sjølv om studiet foregår i Bergen, deltok studentar frå heile landet.

Fakta om vidareutdanninga

  • Utdanninga er samlingsbasert, med oppstart 24. august 2023
  • Videreutdanninga er eit års fulltidsstudie, på masternivå organisert som eit 2-årig deltidsstudie.
  • Målgruppa er fagfolk med helse- og sosialfaglig utfanning på høgskule eller universitetsnivå, som jobbar med barn, ungdom og familiar.
  • Utdanninga held til i Bergen.

På RKBU Vest sine heimesider kan du finna søknadsskjema og meir informasjon om videreutdanning i familieterapi

I metaforum (s. 36-39) kan du lesa om studentars erfaring frå utdanninga