Gå rett til innhold
<
<
Opplæring i Crowell-prosedyren, høst 2023

Opplæring i Crowell-prosedyren, høst 2023

KURSET ER FULLTEGNET


Crowell-prosedyren kartlegg samspelet mellom omsorgsgjevar og barn i alderen 1 – 5 år, men kan brukast på eldre barn med noko tilpassing.
Prosedyren er utvikla av Judith Crowell og Shirley Feldman (1988) og er basert på tilknyting- og kommunikasjonsteori.

Instrumentet har fem faktorar som kartlegg omsorgspersonen sitt bidrag i samspelet: åtferdsresponsivitet, emosjonell responsivitet, positiv affekt, tilbaketrekking og irritasjon. For barnet er det sju faktorar: positiv affekt, føyeleg, iherdig, entusiasme, tilbaketrekking, irritasjon/sinne og aggresjon.

Det finns minst 5 – 6 internasjonale publikasjonar som har undersøkt metoden sine psykometriske eigenskapar. To av nyare dato, og finn god indre konsistens på faktorane og eit signifikant samsvar mellom Crowell og andre mål på samspel (Loop, Mouton, Brassart, & Roskam, 2017; Sprang & Craig, 2015) Metoden er under vurdering av www.psyktestbarn.no

Innhald på kurset:

  • Kort teori om samspelskvalitet, naudsynt utstyr til observasjonen og korleis gjennomføre denne.
  • Gjennomgang av skåringssystemet og trening i å skåre.
  • Tolking av observasjonen med tanke på behandling, rådgjeving og/eller støttetiltak.

Kurset føreset litt arbeid på eiga hand før første kursdag og mellom kursdagane. Det vil stort sett vere å sjå gjennom eit par korte filmar og ta ein liten kviss. Dette vil frigjere tid i samlingane til å jobbe meir med skåringa.

På kurset får ein norsk kodebok og skåringsark, kopi av presentasjonane og tips om aktuell litteratur. For å få kursbevis må ein syne deltaking i 90 % av kursaktivitetane og klare ein avsluttande eksamen. Kurset er ei opplæring i klinisk bruk av Crowell prosedyren.

Krav om utdanning:

Klinisk psykolog, barnepsykiater og andre med minimum bachelorgrad i eit helse- eller sosialfag og med vidareutdanning i sped- og småbarns-psykologi.

Tid:

Kurset er digitalt og har fem samlingar kl 08.30 - 11.30, ein gong i veka:
24. oktober 2023
1. november 2023
7. november 2023
15. november 2023
21. november

Tal plassar: 16 stk.

Forelesar: Psykologspesialist Arnold Goksøyr

Kontaktperson

Arnold Goksøyr

Seniorrådgiver RKBU Vest - Bergen

agok@norceresearch.no
+47 56 10 72 31

Monica Berge

Rådgiver RKBU Vest - Bergen

mobe@norceresearch.no
+47 56 10 72 11

Tid

Fra: Tirsdag 24. oktober 2023
kl: 08.30

Til: Tirsdag 21. november 2023
kl: 11.30

Sted

Digitalt kurs

Pris

Gratis

Søknadsfrist

21. september, 2023

Oppstart

24. oktober 2023