<
<
Working Model of the Child Interview (WMCI)

Working Model of the Child Interview (WMCI)

KURSET ER FULLTEGNET

Working Model of the Child Interview (WMCI) er eit semistrukturert intervju til å kartlegge foreldre sine indre representasjonen om barnet, og korleis dei påverkar samspel og omsorgsutøving.

Intervjuet varer omtrent ein time og passar best for foreldre til førskulebarn, men kan brukast frå svangerskapet til opp mot puberteten. Det finns ein versjon til bruk i svangerskapet, ein for biologiske foreldre og ein for fosterforeldre/adoptivforeldre.

WMCI har i alt 16 skalaer og gir ei overordna klassifisering av foreldre sine representasjonar som balansert (trygg), uengasjert (unngåande) eller fortegnet (ambivalent). I klinisk arbeid kan WMCI med fordel kombinerast med Crowell-prosedyren eller tilsvarande for observasjon av samspelet mellom forelderen og barnet.

Målgruppe: Tilsette i spesialisthelsetenesta, barnevernet, Bufetat og andre som arbeider med behandling eller hjelpetiltak for familiar: klinisk psykolog, barnepsykiater og andre med minimum bachelorgrad i eit helse- eller sosialfag og helst med vidareutdanning i sped- og småbarnspsykologi.

Innhald på kurset:

  • Teoretisk grunnlag, oppbygging av intervjuet og praktisk øving på gjennomføring.
  • Gjennomgang av skåringssystemet og trening i å skåre.
  • Tolking av intervjuet med tanke på behandling, rådgjeving og/eller støttetiltak.

Kurset føreset litt arbeid på eiga hand før første kursdag og mellom kursdagane. Det vil stort sett vere å sjå gjennom eit par korte filmar og ta ein liten kviss. Dette vil frigjere tid i samlingane til å jobbe meir med skåringa.

Ved fullført kurs får ein intervjuet i norsk omsetting, norsk manual, undervisingsmateriellet for skåring og tolking, samt tips om aktuell litteratur. For å få kursbevis må ein gjennomføre 90 % av aktivitetane i kurset og klare ein avsluttande eksamen.

Kurset er opplæring i klinisk bruk av WMCI. Det gir ikkje sertifisering til bruk i forsking.

Tid
:

Kurset er digitalt og har seks samlingar kl 08.30 - 11.30, ein gong i veka:

Tysdag 1. november kl. 0830 - 1130
Onsdag 9. november kl. 0830 - 1130
Tysdag 15. november kl. 0830 - 1130
Onsdag 23. november kl. 0830 - 1130
Tysdag 29. november kl. 0830 - 1130
Onsdag 7. desember kl. 0830 - 1130

Tal plassar: 16 stk.

Forelesar: Psykologspesialist Arnold Goksøyr

Kontaktperson

Arnold Goksøyr

Seniorrådgiver RKBU Vest - Bergen

agok@norceresearch.no
+47 56 10 72 31

Monica Berge

Rådgiver RKBU Vest - Bergen

mobe@norceresearch.no
+47 56 10 72 11

Tid

Fra: Tirsdag 1. november 2022
kl: 08.30

Til: Onsdag 7. desember 2022
kl: 12.00

Pris

Gratis