Gå rett til innhold
<
<
Working Model of the Child Interview (WMCI)

Working Model of the Child Interview (WMCI)

KURSET ER FULLTEGNET


Working Model of the Child Interview (WMCI) er eit semistrukturert intervju til å kartlegge foreldre sine indre representasjonen om barnet, og korleis desse påverkar samspel og omsorgsutøving.

Intervjuet varer omtrent ein time og kan brukast frå svangerskap til opp mot puberteten. Det finns også versjonar tilpassa foster- og adoptivforeldre.

WMCI har i alt 16 skalaer og gir ei overordna klassifisering av foreldre sine representasjonar som balansert (trygg), uengasjert (unngåande) eller fortegnet (ambivalent). I klinisk arbeid bør WMCI kombinerast med Crowell-prosedyren eller tilsvarande for observasjon av samspelet mellom forelderen og barnet.

Målgruppe:

Tilsette spesialisthelsetenesta, barnevernet, Bufetat og andre som arbeider med behandling eller hjelpetiltak for familiar: klinisk psykolog, barnepsykiater og andre med minimum bachelorgrad i eit helse- eller sosialfag og aller helst med vidareutdanning i sped- og småbarnspsykologi og erfaring med foreldrearbeid.

Innhald på kurset:

  • Teoretisk grunnlag, oppbygging av intervjuet og praktisk øving på gjennomføring.
  • Gjennomgang av skåringssystemet og trening i å skåre.
  • Tolking av intervjuet med tanke på behandling, rådgjeving og/eller støttetiltak.

Kurset er digitalt og bygd opp etter pedagogikken Omvendt klasserom. Det føreset litt arbeid på eiga hand før kvar kursdag for å få best utbytte av kurset. Det er stort sett å sjå gjennom nokre korte filmar, ta ein kviss og liknande. På samlingane blir det ein del arbeid i små, faste grupper med skåring og andre oppgåver utanom undervising i sanntid og rikeleg høve til spørsmål og diskusjon.

Ved fullført kurs får ein intervjuet i norsk omsetting, norsk manual, undervisingsmateriell for skåring og tolking, samt tips om aktuell litteratur. For å få kursbevis må ein gjennomføre 90 % av aktivitetane i kurset og klare ein avsluttande eksamen.

Kurset er opplæring i klinisk bruk av WMCI. Det gir ikkje sertifisering til bruk i forsking.

Tid:

Kurset er digitalt i plattforma Moodle/Zoom og har seks samlingar kl 08.30 - 11.30, ein gong i veka:

29. august
6. september
12. september
20. september
26. september
4. oktober

Krav til utdanning: Minimum bachelorgrad i helse- eller sosialfag (sjukepleiar, helsejukepleiar, jordmor, psykolog, lege, psykiater, sosionom, barnevernspedagog, vernepleiar, pedagog, spesialpedagog, logoped)

Tal plassar: 16 stk

Forelesar: Psykologspesialist Arnold Goksøyr

Kontaktperson

Arnold Goksøyr

Seniorrådgiver RKBU Vest - Bergen

agok@norceresearch.no
+47 56 10 72 31

Monica Berge

Rådgiver RKBU Vest - Bergen

mobe@norceresearch.no
+47 56 10 72 11

Tid

Fra: Tirsdag 29. august 2023
kl: 08.30

Til: Onsdag 4. oktober 2023
kl: 11.30

Sted

Digitalt kurs

Pris

Gratis