- Det første eg tok opp i innlegget var kompetanseheving. Det er sett inn mange gode tiltak og ressursar i barnevernet. Vi ved RKBU står blant anna for mange av tiltaka som blir brukte for at kompetansen skal hevast seier Christiansen.
Likevel er det i følgje forskaren slik at dei som jobbar i barnevernet ikkje alltid har tid og ressursar til å bruka kompetansen i praksis, sjølv om dei opplever at det dei får er nyttig og verdifullt. For å bruka tiltaka og ressursane i det faktiske arbeidslivet må dei som jobbar i barnevernet ha ei arbeidsmengd som er mogleg å leva med. Det har dei ikkje no.
Kvaliteten i barnevernet hadde blitt betre av meir kontinuitet. Barnevernsarbeidare må finna ein grunn til å bli lengre i jobbane sine. Ein kan sjå at utskiftinga i barnevernet er høgare enn i andre kommunale tenester. Om ein hadde fått snudd denne tendensen, hadde erfaringa og kompetansen som har bygd seg opp blitt verande i tenesta. Dei som er i kontakt med barnevernet hadde då ikkje stadig trengt å skifta saksbehandlar eller annan kontaktperson.
Løysinga ligg i status. Barnevernsarbeid må få høgare status, det handlar også om høgare lønn.