-Eg har sett på om det er ei endring i ungdoms bruk av cannabis. Eg har også sett på dette i samband med endringar i bruk av andre rusmiddel. Sett i forhold til alkohol er endringa stor. Det er lite endring frå år til år når ein ser på alkoholforbruket til ungdom. Forbruket held seg ganske stabilt. Cannabisbruk blant ungdom har derimot auka tydeleg. Funna mine er baserte på ein studie frå Ungdata-undersøkinga der eg var førsteforfattar.
Heradstveit, O., Nilsen, S. A., Breivik, K., Bakken, A., Haug, T., Hartveit, K., & Stormark, K. M. (2021). Past year cannabis use among Norwegian adolescents: time trends based on the ungdata surveys 2010–2019. Frontiers in psychiatry, 12, 627479.
Studien viser at aukinga har skjedd dei siste par åra. Dette gjeld begge kjønn og alle aldersgrupper og i heile landet. Aukinga inkluderer også dei som har ein rusvane, altså at dei bruker cannabis regelmessig. Med regelmessig meiner eg dei som brukar cannabis elleve eller fleire gongar i løpet av eit år. Hos dei som går i 8.klasse finn vi ei dobling av regelmessig bruk dei siste åra.
Det har også vore interessant å sjå desse tendensane opp mot utviklinga i land det er naturleg å samanlikna seg med i Europa. Noreg ligg lavt når det gjeld cannabisbruk blant ungdom sjølv om vi har rykka opp dei siste åra. Eg ser derfor på om det er noko som kan gjerast for å stoppa denne tendensen. Det er ingenting i vegen for at den kan fortsetta å auka, dette fordi vi ligg langt unna eit mettingspunkt.