- Eg har vore helsesjukepleiar i 20 år og jobbar framleis på ein vidaregåande skule og i barne - og familietenesta, seier Ulvolden
I tillegg har ho to podkastar. Ein for unge som heiter "helserådet", og ein i regi av LEVE Hordaland, "kunsten å leve". I LEVE Hordaland er ho også fylkesleiar. Organisasjonen er for etterletne etter sjølvmord, og skal bidra til ein meir open samtale om temaet. LEVE er ein landsdekkjande organisasjon.
Anne Marie Ulvolden meiner at vi treng eit språk for å snakka om sjølvmord og at det å snakka om sjølvmord kan virka forebyggande i seg sjølv.