SDQ er eit spørjeskjema som kartlegg psykisk helse hos barn og unge. Skjemaet består av 25 spørsmål som målar fem dimensjonar av psykisk helse; emosjonelle problem, atferdsproblem, hyperaktivitet, venneproblem og prososial atferd. Skjemaet er mykje brukt i forskning, men og av klinikarar.
I ein ny studie frå RKBU Vest har forskar Sondre Aasen Nilsen med fleire, samanlikna einslege mindreårige flyktningar og norske ungdomars svar på spørjeskjemaet. Studien undersøkte også målareigenskapar ved SDQ når den blei utfylt av einsleg mindreårige flyktningar.
Det var tatt utgangspunkt i einsleg mindreårige flyktningar som er busett i Bergen og som har deltatt i prosjektet «Veien til selvstendighet.» Svara deira blei samanlikna med ei gruppe norske ungdomar frå «ung@hordaland-studien.» Gruppa hadde lik andel gutar og jenter.