Sjølvmordstankar hos barn og unge er tema på årets Forebyggingsforum
Barn og unge med sjølvmordstankar. Når skal vi ta det på alvor?
Vanleg å ha sjølvmordstankar
- Sjølvmordstankar er dessverre vanlege blant barn og unge, seier Julie F. Andreassen, rådgjevar ved RVTS Vest. – Mange norske barn og unge fortel at dei har hatt sjølvmordstankar. Heldigvis forsvinn tankane for dei fleste etter kvart, men for nokre kan dei føre til alvorlege konsekvensar. Derfor er det avgjerande å kunne skilje mellom det som kan vere ein naturleg del av utviklinga og det som er bekymringsfullt.
Vi treng å lære meir
- Vi ønsker at Forebyggingsforum skal gje kunnskap og forståing for kva det er som gjer at barn og unge får sjølvmordtankar. Kva skal vi sjå etter og når er det vi må få hjelp? seier Julie.
- Konferansen vil samle førelesarar frå ulike fagfelt og med forskjellige erfaringar. Nokre vil dele sine personlege historier, nokre har forska på temaet medan andre igjen har fokus på ei eksistensiell og filosofisk tilnærming til temaet. Målet er å gi deltakarane verktøy og innsikt til å betre forstå og handtere sjølvmordstankar blant barn og unge.
Bevisstheit rundt sjølvmordstankar
- Vi trur at auka bevisstheit rundt sjølvmordstankar kan hjelpe fleire barn og unge som strevar med dette. Derfor er vi veldig glade for å ha med oss Kim Daniel Jonassen og Maud Angelica Behn, som begge er tydelege, sterke og viktige stemmer for barn og unge, seier Julie. - Kim Daniel har ei personleg historie prega av omsorgssvikt, nærleik til rusmisbruk og vald. Han har også eigenerfaring med sjølvmordstankar og sjølvmordsforsøk. Han skal gi oss innsikt i korleis han på eit punkt i livet bestemte seg for å bryte med oppveksten sin. Maud Angelica er kjent for dei fleste, både som dotter til Märtha Louise og for hennar sterke tale etter at far hennar, Ari Behn tok livet sitt i 2019. Julie fortel vidare at Maud Angelica også var med då RVTS Vest og fleire instansar innanfor sjølvmordsførebygging i vest, arrangerte Folkehelseopplysningskampanjen «Snakk og sjøvmordstankar, det kan redde liv» i 2020. Maud skal halde opningsforedraget på forumet, som vi trur vil både berøre, engasjere og inspirere.
Vi oppfordrar alle som jobbar med barn og unge og andre interesserte, til å delta på årets Forebyggingsforum, enten fysisk eller digitalt.
Forumet vert arrangert av RVTS Vest, RKBU Vest, Korus Stavanger og Korus Bergen.
GÅ TIL PÅMELDING: https://rvtsvest.no/forebyggin...