Gå rett til innhold
<
<
Barnevernsforum: Fagleg skjønn i ein kvardag med modellar og program

Barnevernsforum: Fagleg skjønn i ein kvardag med modellar og program

Å ta avgjerder i barnevernssaker handlar om å gjere vurderingar i eit komplekst beslutningslandskap. Denne kompleksiteten gjer fagleg skjønn naudsynt. Dei siste åra har det blitt innført fleire nye modellar og ulike program i barnevernstenestene for å skape strukturar for systematisering og kvalitetssikring av skjønnsvurderingar. Som faglege reiskapar er det eit mål at desse skal bidra til å hindre uønska og uheldig variasjon i barnevernets avgjerder. Like fullt vil modellar og program aldri kunne erstatte behovet for å grunngje og legitimere skjønnsvurderinga som ligg til grunn for ei avgjerd.

I dette webinaret ønsker me å løfte fram potensialet som ligg i det barnevefaglege kollegiet for styrking av fagleg skjønn i barnevernet. Me spør mellom anna korleis kollegagruppa kan bidra som fagleg ressurs i skjønnsvurderingar og viser kvifor kunnskapsmessig og moralsk variasjon i kollegafellesskapen er ein sentral verdi i denne samanhengen. Presentasjonen tek utgangspunkt i ein artikkel som er var publisert i Tidsskriftet Norges barnevern i 2020: «Det barnevernfaglege skjønnet og verdien av kollegiale drøftingar».

Om oss:

Tone Jørgensen; Førsteamanuensis ved Høgskolen på Vestlandet, Institutt for velferd og deltaking. Tone er sosialantropolog og har skrive doktorgrad om avgjerdsprosessar i det kommunale barnevernet. Ho underviser og forskar på ulike delar av barnevernets arbeid. Ho er spesielt oppteken av kritisk refleksjon i barnevernfaglege vurderingar, derunder korleis barnevernets kunnskapsgrunnlag og kunnskapsmessige tilnærmingar verkar inn på fagleg forståing og tiltaksbruk i barnevernssaker.

Kåre Heggen; Professor em. Ved Høgskulen i Volda, Institutt for sosialfag. Har gjennom mange år vore med å utvikle studietilboda på bachelor-, master- og PhD-nivå innan sosial- og helsefag. Kåre har i mange år også vore knytt til forskingssentra NOVA og Senter for profesjonsstudier (SPS) ved OsloMet som professor 2. Som forskar har han særleg vore oppteken av kunnskapsperspektiv og kvalifisering til profesjonsyrka, og av fagleg skjønn i desse profesjonane, særleg barnevern/sosialt arbeid.

Kontaktperson

Eirinn Hesvik Ljones

Stipendiat - Bergen

eirl@norceresearch.no
+47 56 10 73 16
+47 41699635

Unni Strandman

Seniorrådgiver RKBU Vest - Bergen

unst@norceresearch.no
+47 56 10 72 84

Tid

Torsdag 27. februar 2025
kl: 09.00 - 10.00

Sted

Teams

Pris

Gratis

Oppstart

27. februar 2025

Meld deg på