23. mars kom den aller fyrste episoden av podkasten ut, og du kan høyra ein episode kvar gong det er eit barnevernsforum. Barnevernsforum er ein gratis webinarserie som går både vår og haust. Både forumet og podkasten er meint for kontaktpersonar og andre som jobbar i barnevernet. Barnevernspodden har ein uhøgtidleg form og skal diskutera dagsaktuelle tema med interessante gjestar i kvar episode.
Den fyrste gjesten Anne Marit og Øivin har invitert inn i studio er Ole Mikaelsen. Han har sjølv jobba i tenesta i 20 år. Dei tre snakkar om den store utskiftinga av kontaktpersonar i barnevernet, kvifor det er slik, kva som kan gjerast med det og kva grunnen er til at dei fleste trass alt blir i jobben sin.
Sjølv meiner dei at starten er litt famlande, men at det fyrst og fremst er mykje spennande stoff i episoden som kan bidra til viktige diskusjonar. Dei oppfordrar også lyttaren til å komma med innspel til tema som dei engasjerer seg spesielt for i arbeidet sitt.