Vaksdal kommune har i fleire år jobba med å systematisere arbeidet med å oppdage og hjelpe barn og unge som strever. Dei brukar Kunnskapsreisen som opplæring i dei ulike tenestene. Rektor ved Dale skule, Malin Sæterdal, delte skulen sine erfaringar med Kunnskapsreisen. Engasjerte tilsette har gjort at dei har brukt meir tid på samlingane enn det som er satt opp. Dei har og brukt andre ressursar i arbeidet; Snakkemedbarn.no, Jeg Vet, Trygg til handling, Seksuellatferd.no med meir.
Skulen har sjekka ut korleis dei tilsette erfarer opplæringa og har fått gode tilbakemeldingar:
«Eg har blitt meir bevisst på førebygging og å tolke signal»
«Eg er mindre redd for å ta tak i tematikken og stille dei rette spørsmåla»
«Eg er tryggare på kva eg skal gjere om eg har mistanke»
Rektorane opplever at tilsette er tryggare, både i klasserommet og i foreldremøte. Kunnskapsreisen er lett å gjennomføre og legg til rette for gode samtalar.
- Ved å setje fokus på dette i klasseromma, opplever vi at elevane våre er meir bevisste på eigne grenser, kva som er lov og ikkje, og at dei har eit språk for tematikken, avsluttar Malin.