Forsker II
- Bergen
hisl@norceresearch.no
+47 56 10 72 78
Effektevaluering av "Stopp seksuell trakassering"
Gjennom tildeling av midlar frå Stiftelsen Dam gjennom Rådet for Psykisk Helse effektevaluere vi tiltaket «Stopp seksuell trakassering» gjennom ein kluster randomisert kontrollert studie. I studien svarar elevar og lærarar ved 37 ungdomsskular på spørjeskjema i forkant av gjennomføringa av tiltaket, kort tid etter og ca eit halvt år etter tiltaket.
«Stopp seksuell trakassering» er eit tiltak som har som målsetting å betre elevane si psykiske helse ved å førebyggje kjønnsrelatert og seksuell trakassering i ungdomsskulen.
RCT-studien vil gje svar på om elevar på skular som deltek i «Stopp seksuell trakassering» vil oppleve:
- mindre grad av seksuell trakassering, i form av fysisk, verbal og digital uønskt seksuell merksemd,
- mindre grad av kjønnsrelatert trakassering, i form av trakassering på grunnlag av kjønnsuttrykk og seksuell orientering og
- betre psykisk helse.
For meir informasjon om RCT studien sjå registreringa i Clinical Trials. Ei prosessevaluering av tiltaket vil òg gjennomførast.
Sjølve tiltaket består av ei kompetanseheving om kjønnsrelatert og seksuell trakassering for lærarane og eit undervisningsopplegg om desse tema for elevane.
Effectiveness Study of the Intervention "Stop Sexual Harassment" in Secondary School
Boys perpetrating sexual harassment on peer girls in secondary school: A focus group study about pupils’ experiences
Norske ungdommer trakasseres på det groveste - slik vil forskerne stanse det (tv2.no)
Tok oppgjør med seksuell trakassering – Hermine (13) nedrent av støtte (NRK Vestland)
Kontaktperson
Prosjektfakta
Navn
Effektevaluering av "Stopp seksuell trakassering"
Status
Aktiv
Periode
01.03.21 - 31.12.35